Værlandet fiskeredskap Login   
  Du er her:>   Startside » Garnhotell

 

M/S FANØYVÅG,  i ferd med å levere garnbruk til oppbevaring på Garnhotellet.

Garnhotell

Garnhotell - med romservice

Værlandet Fiskeredskap tar vare på garna dine!  Vi har i 2007 utvida bygget vårt til å innehalde eit komplett og profesjonelt garnhotell. Garna blir spola direkte frå båten gjennom eit røyr og inn i hus.  Dette er ein lettvint måte som fører til at ein sparer mykje tid og arbeid.

 

Sjå ein liten film som viser korleis vi spolar garna inn i Garnhotellet vårt  her

 

 På veg inn i Garnhotellet får garna seg ein "vask". Det er rennande ferskvatn i røyret, noko som verkar positivt på levetida til garn og fellingar.

Les meir om dette i saka "Innlagt dusj på Garnhotellet" under: Aktuelt

 

Vi oppbevarar garna dine i eigne spesialtilpassa bingar. Under opphaldet kan vi sjå over alle garna og gje dei ei total overhaling.

 

Når du har levert bruket kan du gløyme det fram til neste sesong. Vi tek oss av kontroll og service slik at du er fri til å gjere andre ting. For meir info sjå  garnservice.

 

NB!  Vi har døgnopen inn- og utsjekk.  Dvs at båtane kan komme å spole inn, eller hente bruket, til tider som passar best for dei. Det er òg mogleg med "sjølvbetjening" som vil sei at mannskap kan ordne inn- eller utspoling av bruket sitt sjølve :-)

 

For nærare avtale om dette, ta kontakt på:

 

tlf 57731299 eller mobil 48132779 (vakttelefon)

 

 

 

 Les NRK-intervju med Audun om Garnhotellet vårt i april 2008:

 

www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.5456404

 

 

 
Vil du vite meir?

 

  Send oss en epost 

  Ring oss - tlf: ( 47) 57 73 12 99

 

  Sjå òg:  Referanser

 

 

 

 

 

Prisar

 

Volum på garnsilo                  Antal garn                   Pris pr mnd

 

          9 m3                              ca 150 stk                     kr 300,- eksl mva

        18 m3                              ca 300 stk                     kr 350,- eksl mva

        36 m3                              ca 600 stk                     kr 500,- eksl mva

 

 

                          


Service partner for garnflåten