|
Dmitrij Semcenko frå Litauen, byrja denne veka i fast stilling ved Værlandet Fiskeredskap.
Då vi såg at vi hadde bruk for å tilsette ein til ved bedrifta, tok vi kontakt med Dmitrij i Litauen. Han var innom bedrifta som ekstrahjelp i tre månadar i fjor vår, og vi var godt nøgde med arbeidet hans! Vi er difor veldig glad for å ha fått han inn att til oss på fulltid :)
I tillegg til at vi har fått ein ny tilsett hos oss, syns vi det er veldig positivt at vi med dette har fått ein ny familie til øyane.
Dmitrij, som er utdanna snikkar, har med seg kona Natalia, og dottera Anna på 5 år. Dei har i første omgong etablert seg i ei leiligheit i "Eldreboligen" på Værlandet, men det er utsikter til at dei får seg eit større, og meir eigna husvære etterkvart.
Vi ynskjer Dmitrij og familien hans hjarteleg velkommen til Værlandet og Bulandet, og håpar at dei vil finne seg godt til rette her i øyane!
Når vi er inne på det med tilflytting, har vi òg lyst til å få fram den viktige rolla som Bulandet Fiskeindustri har hatt. Dei har gjennom mange år fått inn arbeidskraft frå andre land. Ein del av desse arbeidarane har etablert seg pga at dei trefte nokre ekstra kjekke bulendingar ;) , medan andre har henta familien sin "heim til" Bulandet.
Denne tilflyttinga har stor betydning for folketalet og øysamfunnet vårt elles! Det er veldig kjekt med nye folk:)
12.02.2010
<< Fleire...
|