Værlandet fiskeredskap Login   
  Du er her:>   Startside » Kaifest sommaren 2009

kaifest sommaren 2009

 

 

Fredag 3.juli inviterte Værlandet Fiskeredskap til kaifest for tilsette og kundar ved bedrifta. På denne måten ville vi bl.a. feire at vi har fått oss eit stort og flott kaianlegg.

 

Festen la vi til same helga som den årlege Nordsjøporthelga her ute i øyane; ei festivalhelg der Værlandet og Bulandet feirar vegforbindelsen mellom bygdene. Ein del av dei tilreisande fekk difor med seg ei helg med mykje kjekk aktivitet her ute i øyane :-)

Les meir om Nordsjøporthelga på Værlandet og Bulandet si heimeside. 

 

Med god mat, flott vèr og trivelege gjestar vart dette ein veldig hyggeleg kveld! Kjekt å kunne treffast på denne måten, i tillegg til den vanlege kontakten som er mellom oss på bedrifta og kundane våre :-)

 

Vi på Værlandet Fiskeredskap håpar å kunne gjenta denne suksessen ved seinare anledning!

 

 

På bileta under kan ein sjå litt frå denne kvelden:

 

 

    

 

Nokre av dei tilreisande gjestane.

 

 

 

  

 

  

 

Her er gjestane komne på plass, og praten går medan folk ventar på at festen skal starte.

 

 

 

 

Dagleg leiar Audun Oddekalv ynskjer velkommen til kaifest, og fortel litt om bedrifta.

 

 

 

 

Dei dyktige grillsjefane Trond Kjempenes og Bjørnar Landøy.

 

 

 

  

 

Det var mange variantar å velge i av både grillmat og tilbehør.

 

 

 

 

  

 

Folk kosar seg med god mat og god drikke i finevèret.

 

 

 

 

Her har vi òg ein fin liten gjeng som ser ut til å ha det moro på kaifest! 

Kanskje framtidige garnmontørar? ;-)

 

 

 

  

 

Som sagt var det ein triveleg gjeng som var med på kaifesten vår :-) På desse 2 bileta kan ein bl.a. sjå ein statsråd, ein fylkesordførar og ein ordførar. Dei fekk vere med på grillpartyet vårt, etter å ha vore med på eit anna arrangement tidlegare på dagen.

Vi må nok sei at vi syns det var stas å ha dei med, og so trur vi kanskje òg at dei syns det var kjekt å få vere med på ei slik storhending ;-)

 

 

 

 

Her ser vi litt frå folkelivet på kaia og litt av båtane som vi hadde besøk av. Kjekt å sjå kor fint båtane var pynta med masse flagg. Vi på bedrifta hadde òg heist flagget for anledninga. Trur vi flagga mesteparten av helga... ;-)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Service partner for garnflåten