makrelldorgerutstyr
Værlandet Fiskeredskap AS har som ein av sine grunntankar å gjere kvardagen lettare for våre kundar.
I ein travel kvardag veit vi at spart tid er viktig for mange fiskarar. Ei moderne redskapsbedrift må difor alltid prøve å tilby løysingar som ein ser at det er ynskje og behov for.
Difor er vi godt nøgd med at vi no kan levere bl.a:
- ► Krok m/påmontert makk. Dette tilbodet vart introdusert sommaren 2009, og er allereie vorte ein stor suksess og eit "must" for mange dorgarar langs vestlandskysten. Vi lagerfører krok med 2 ulike typar makk i Mustad`s nr. 2330 DT nr. 7. Vi kan levere krok i andre modellar òg, men då må vi ta eit forbehald om leveringstid.
- ► Svivlar i syrefast utgåve i aktuelle storleikar.
- ► Sen/gøtt i det anerkjente merket "Beyer Perlon". Vi veit at dette merket alltid har vore eit fyrsteval blandt dorgarar, og har no klart å verte leverandør av dette merket. Sen lagerfører vi mest av 1,6 mm og i 500 meters kveilar. Andre dimensjonar kan òg skaffast. - "Ikkje noke problem" :)
- ► Blylodd i 4 og 6 kilo`s utgåver. Lodda er importerte, og har difor ein akseptabel pris.
- ► Sist, men ikkje minst, er vi òg leverandør av "Thunderline", denne fletta lina som er vorte so populær. "Thunderline" vert lagerført i 1,1 mm dimensjon med ei brotstyrke på 130 kg. Lina vert levert på spoler à 500 meter.
Nedanfor kan ein sjå 2 kjekke filmar om makrelldorging som vi har funne på Youtube. Den eine er frå Norge og den andre frå Irland.
Mackerel fishing Norway
Fish Line Strippers for Mackeral