Fishtek Marine Banana Pingers
Banana Pingers er ein akustisk skremmeinnretning for reduksjon av bifangst av sjøpattedyr. Værlandet Fiskeredskap AS er hausten 2020 vorten ein av kun to forhandlarar av dette produktet i Noreg.
Banana Pingers er utvikla av Fishtek Marine i Storbritania, og skal redusere bifangst av niser og delfinar med inntil 100 %. Produktet har ein akkustisk skremmefunksjon som fører til at niser og delfinar ikkje nærmar seg fiskegarn som har desse påmontert.
Banana Pingers:
Enkle å montere og flytte mellom garnlenker
Utforma slik at dei ikkje skal ha negativ effekt på handteringa av garn
Fleire variantar av fargar og akkustisk lyd - for å tilpasse ulike behov
Sjå Fishtek Marine Banana Pingers PRODUKTBLAD for detaljert informasjon om produktet (engelsk versjon)
Påbod om “pingers” er truleg på veg
USA har strenge reglar for å beskytte sjøpattedyr. No kan amerikanske importregler gjere til at norske fiskarar vert pålagt å ta i bruk denne teknologien. Fiskeridirektoratet har sendt ut eit Høyringsbrev om tiltak for å redusere bifangst av sjøpattedyr. Norges Fiskarlag har gått inn for å støtte dette forslaget om innføring av pingere ved bruk av garn i statistikkområde 00 (Vestfjorden). Dette påbodet vert i tilfelle gjeldande i 2021 - i perioden 1. januar til 30. april.
Værlandet Fiskeredskap AS er difor godt nøgde med å ha samarbeid og forhandlaravtale med Fishtek Marine på eit produkt som er testa og godkjent for bruk i Noreg - og som har fått svært gode tilbakemeldingar ved testing globalt.
Les gjerne artikkelen på nettsida til TEKFISK om bruk og bakgrunn for “pingers” HER
Bestilling og meir informasjon
Ta kontakt med seljaren vår; Audun Oddekalv:
Telefon: 481 32 779
Epost: fiskeredskap@enivest.com