Garn

Værlandet Fiskeredskap leverer garnbruk av beste kvalitet frå Khon Kaen.

I produksjonen vår av sei-, torsk-, lange-, flabb- og blåkveitegarn brukar vi dei anerkjende garnbussane frå Khon Kaen med Q-tråd. Kjenneteiknet til Q-tråden er blant anna høg glansfullheit og at garnet pakkar seg betre ombord i båten.

Garna våre vert levert med forsterka garnering ved topp og botn som standard.

For dei som ynskjer ytterlegare forsterkning mot botn, kan vi tilby montering av garn med dei populære “Værlandsløkkene”. LES MEIR

Bestillingar og leveringstid av garn

Vi har heile tida eit visst utval av garnbussar på lager. Men på grunn av leveringstid, kan det likevel vere lurt å vere ute i god tid når det gjeld bestillingar av garnbruk. Dette gjeld t.d. ved større mengder garn og/eller ein har ynskjer om spesielle maskestr/djupne/fargar på garnbussane :)

Kontakt oss for pristilbod.