Vilkår og betingelsar

Prisar

Prisar er angitt i norske kroner og er inklusive meirverdiavgift.Totalkostnaden er pris på varer inkl. omkostning kr 49,90 + frakt.

Frakt

Værlandet Fiskeredskap belastar frakt etter transportørane vi samarbeider med sine vanlege satsar. Prisen vil variere etter vekt/volum på sendinga, og til kva postadr dei skal sendast til (jmf transportørane  sine satsar)

Levering

Værlandet Fiskeredskap leverer varer kun til fastlands-Noreg og Svalbard.

For levering andre stader ta kontakt med Værlandet Fiskeredskap på telefonnr 57 73 12 99 eller epost: fiskeredskap@enivest.com

Salgsbetingelsar

Avtalegrunnlaget for kjøpet er kunden si bestilling pr epost eller telefon, bekrefta av ein ordrebekreftelse sendt som epost frå Værlandet Fiskeredskap til kunden, eller etter anna nærare avtalegrunnlag.

I tillegg er vi bunden av kunden si bestilling, so lenge det ikkje er avvik frå det som er annonsert tilbod. (Ved avbestilling av ordre, ta kontakt snarast med Værlandet Fiskeredskap på telefon eller epost for kansellering)

Som forbrukar (etter Kjøpslova) har kunden likevel rett til å gå frå kjøpet i forhold til Lov om angrerett. Kundane vil få tilsendt angrerettsskjema ilag med varene.

Ved refusjon dersom angrerett vert brukt, vil beløpet verte betalt seinast 14 dagar etter at Værlandet Fiskeredskap har motteke angrettskjema og varer.

Værlandet Fiskeredskap AS vil gjere sitt beste for at all informasjon om produkta våre vert so korrekt som mogleg. I tillegg vil vi gjere merksam på at bildeillustrasjonar på websida vår kan variere frå produkta sine faktiske utsjånad.

Med bakgrunn i eventuelle endringar av prisar, lagersituasjon, konkurransesituasjon m.m. tek vi eit forbehold om retten til leveringsnekt.

Betalingsbetingelsar

Forhåndsbetaling til vårt kontonr. eller at varer vert sendt i postoppkrav. Dette vert avtalt nærare pr epost eller telefon.

Pakkar som ikkje vert henta

Dersom kunden ikkje hentar pakken debiterer Værlandet Fiskeredskap kundenfor ei avgift. Denne avgifta tilsvarar dei faktiske kostnadane som Værlandet Fiskeredskap har hatt i forbindelse med framsending og retur av pakken. Avgifta vert spesifisert i faktura til kunden.

Garantiar

Det er ingen begrensningar i reklamasjonsfristen for varer etter Forbrukarkjøpslova.

Tvistar

Ved eventuelle tvistar mellom seljar og kjøpar vil Værlandet Fiskeredskap gjere sitt beste for å komme fram til minnelege løysingar. Dersom dette vert uråd, vil slike saker naturlegvis høyre innunder Forbrukarrådetog/eller eventuellt Tingretten